Mesopotamia

Fra Wikibøker – frie læremidler
Ukategorisert: Denne modulen har ingen linker tilbake til boken den hører til. Den bør gjøres til en underside av boken den tilhører.

Landet mellom Eufrat og Tigris[rediger]

Mesopotamia er det gamle namnet på området mellom dei to store elvene Eufrat[1] og Tigris [2] i det noverande Irak. Namnet kjem av eit gammalgresk ord (mesospotamos)som tyder landet mellom elvene. Heilt frå ca 5000 f.Kr. har det eksistert byar og store palass frå ulike kulturar i Mesopotamia.

Sumerarane er det første folket i Mesopotamia vi veit ein heil del om. Dei innvandra frå aust ca 3550 f.Kr. Sumerarane dreiv med jordbruk og hadde husdyr. Dei viktigaste jordbruksprodukta var bygg, kveite, eple, dadlar, fiken, kapers, lauk, kvitlauk, sesa, siv og ulike buskvekstar. Sau og geit var dei viktigaste husdyra. Mange dreiv også med fiske, særleg i områda lengst sør i sumer-riket. Både røyking og tørking vart brukt som oppbevaringsmetodar. Dett var viktig med tanke på å kunne ha tilgang til mat heile året og med tanke på byttehandel. Byttehandel og krigføring var dei viktigaste måtane å skaffe seg tilgang til manglande råvarer. Dei oppfant blant anna hjulet, plogen, kunstig vatning, pottemakarhjulet, båtar med segl og kjøl, sekstitalsystem og kileskrift:

Hjulet[rediger]

Vogner trekt av tamme eslar.(Biletet er av sumerisk opphav, ca 2600 f.Kr.). Hjulet vert rekna som ein av dei viktigaste oppfinningane i mennesket si historie. De fleste trur at hjulet vart oppfunne i Mesopotamia omkring 4000 f.Kr. Det ser også ut til å ha blitt oppfunne i Kina omkring 2800 f.kr.- utan at kinesanane kjende til det sumeriske hjulet. hjulet ble brukt til å dra vogner med.

Plogen[rediger]

Ein plog trekt av oksar gjorde det mykje lettare for bonden å arbeide med jorda. Den plogen vi kjenner i dag snur jorda slik at det som var under kjem opp og omvendt. Den plogen som sumerarane fann opp var derimot av ein annan type som kallast ard. Arden var laga av tre og hadde eit sdags handtak som gjorde at han kunne styrast og med ein pigg som gjekk ned i jorda. Arden snudde ikkje jorda, men laga ei fore, slik at ein kunne gå etter å så eller setje ned planter. Arden vart gjerne trekt av oksar eller andre trekkdyr

Kunstig vatning[rediger]

Sumerarane bygde kanalar som førte vatnet ut i åkrane og jordvollar som hindra at oversvømmelsar øydela gardane. Jordbruksproduksjonen starta tidlegast i nord, der det var rikeleg med nedbør. Lenger sør var det tørt og varmt klima, noko som førte til at jorda lettare tørka ut. Men smeltevatnet frå fjella i nord kunne føre til at vannstanden steig med fleire meter, og dermed ble det skapt muligheter for å leie flomvatnet i kanalar. Samstundes vart det bygd jordvollar for. Dette gjorde at det vart nødvendig med samarbeid og førarskap, slik at det lot seg gjere å grave kanalar, bygge diker og drenere marker som elles ville bli øydelagde av oversvømmelsar. Bøndene flytta saman i landsbyar, der dei også organiserte eit militært forsvar for å verne om vatningsanlegg og halde inntrengarar borte. (Kampen om vatn og beiteområde mellom nomadar og fastbuende bønder er eit hovudtrekk i historia heilt fram til våre dagar). I år med gode avlingar blei det skapt eit overskot som stimulerte til folkevekst, samtidig som grunnlaget vart lagt for handel over store område både i Midtøsten og innover i Asia.

Pottemakarhjulet[rediger]

Pottemakarfaget er eit av verdas eldste handverk. I Tyrkia er det funne brende leirformer frå ca 6500 år f. Kr som er den tidligaste keramikken vi kjenner til.I Mesopotamia vart det første pottemakarhjulet og den første glaserte keramikken utvikla mellom 4-3000 år f. Kr. Glasurane vart laga på basis av soda og bly og brende i lukka vedovnar med temperaturer på 8-900 °C. Keramikken kunne fra nå av lagast i stort antal.

Segl og kjøl[rediger]

Sumerarane var dei første som sette segl og kjøl på båtane sine. Då slapp dei å ro heile tida og båten velta ikkje så lett.

Sekstitalsystem[rediger]

Sumerarane utvikla det såkalla sekstitalsystemet. Det eksisterer framleis i nokre samanhengar. Når vi reknar med fart og tid brukar vi eigentleg den gamle mesopotamiske teljemåten. Vi deler jo timen inn i 60 minutt. Vi bruker også sekstitalsystemet når vi skal oppgi posisjonen på kartet. Ein sirkel er på 360 grader. Kvar grad er delt inn i 60 minutt, og kvart minutt er delt inn i 60 sekund.


Kileskrift[rediger]

Den eldste innskrifta i verda vart funnen i byen Uruk sør i Mesopotamia. Skrifta besto først av små bileter, men etter kvart begynte sumererane å skrive med teikn i staden. Denne skrifta vert kalla kileskrift. Teikna vart prega inn i leira mens leirtavlene ennå var mjuke. Når dei pressa røyrsiv som var skårne på skrå mot flata, vart det kileforma avtrykk. Ved å bruke siv av ulik tjukkleik, fekk dei ulike kileformer. Teikna sto for lydar og vart lesne på omtrent same måte som våre stavingar. Sumererne førte rekneskap over kjøp og salg. Dei skreiv ned lovar, og kongene brevveksla med kvarandre. Dikt og forteljingar kunne handle om både gudar og menneske. Sumererne gjorde notat om landmåling, astronomiske observasjonar, rekneskap over skatt og ofringar, og dei skreiv mange slag matematiske tabellar. Leirtavlene tørka i sola og vart sett i store "bibliotek".





Dei eldste byane[rediger]

I den sørligaste delen av Mesopotamia, begynte nokre av verdens eldste byar å vekse fram. Sumerarane bygde gater og hus og verna byane med høge murar. Kvar by hadde eit stort tempel og ein konge som styrte. Folket måtte betale skatt til kongen og tempelet. Heilt ute ved kysten låg byen Ur. Denne byen kontrollerte handelen over havet og vart ein rik by. I graver i denne byen er det funne eventyrlege skattar, smykke, våpen, møbel og musikkinstrument pynta med sølv, gull og edelsteinar. Uruk var den eldste byen i det sumeriske Mesopotamia med over 50000 innbyggjarar. Dei bygde kanalar frå elva Eufrat og inn i byen slik at skip kunne segle helt inn i byen. Mange av byane hadde eit stort høgt tempel midt i byene som vart kalla zigguratar.



2 filmar som tek for seg den gamle sumeriske kulturen: [3] og [4]


Babylonia[rediger]

Babylonia var eit oldtidsrike i Mesopotamia . Det omfatta blant anna det tidligare Sumer-riket. Hovudstaden var Babylon som låg ved elva Eufrat, ca. 110 km sør for våre dagars Bagdad.